top of page

Påmelding & Prisar

Påmelding & Prisar

Planlagte symjekurs i regi av YSSS vil bli lagt ut for påmelding i portalen tryggivann.no.

​

Rettleiing for påmelding i tryggivann.no:

  1. Vil du melde på deg sjølv eller barn(a) på symjekurs må du fyrst registrere ein brukar på deg sjølv (barnet registrerer du seinare i prosessen).

  2. Når brukarkontoen er oppretta vil du motta ein e-post med ei kode.

  3. Klikk på linken «Aktiver ny konto». Tast inn ditt brukarnamn og di kode for å aktivere.

  4. Deretter kan du logge på, velge ønska kurstype og melde på, og fyrst no registrerer du born(a).  

​

Påmeldte til kurs vil bli overført til Spond. Betaling (i forkant av kursstartog vidare kommunikasjon vil skje i Spond.  

 Prisar

* Kursavgift inkluderer ikkje inngong symjehall. 

Føresetnader

  • Sjekk nivåvelger for å bestemme type kurs. YSSS forbeheld seg retten til å plassere barn på rett kurs tilpassa meistringsnivå.

  • All påmelding skjer via tryggivann.no.

  • Ingen angrerett.

  • Eventuelle avlysingar av kurs grunna sokalla «force majeure», altså når det gjelder hendingar utanfor vår kontroll (som feks. feil på anlegg) blir ikkje refundert/tatt igjen.

  • Betaling skjer via Spond ved stadfesting.

Etter kurset - Tilbakemelding

Alle kursdeltakarar får utdelt diplom på siste kursdag. Bakpå diplom  vil det bli lagt til ein kommentar om anbefalt neste nivå. På «min side» på Tryggivann.no vil det bli lagt ut kommentar frå deltakar sin hovudinstruktør.

 

Nokre born er klare for å gå videre til neste nivå, men mange vil bli anbefalt å ta om igjen samme nivå. 

 

Har du spørsmål knytta til bornet si meistring, ta gjerne kontakt med Hovudinstruktør eller instruktør før/etter kursa, eller på kurs@ysss.no.

Contact Us
bottom of page