Bli medlem
Kom og bli med i YSS symjeklubb!
Bli medlem
Vi ynskjer aktive (og passive) medlemmar velkommen i YSSS!
Ved å bli medlem i YSSS aksepterer ein å overhalde Norges Idrettsforbund (NIF), Norges Svømmeforbund (NSF) og YSSS sine regelverk og vedtak.
-
Innmelding i YSSS og NIF inkluderer forsikring av alle born til den dagen dei fyller 13 år. Les meir om dette her.
-
Medlemskontingenten blir fastsett av årsmøtet og er 200,- per år (2022).
-
Faktura blir sendt ut i Spond ein gong i året og skal betalast ved forfall.
For å bli medlem:
-
Fyll ut innmeldingsskjema via Spond
-
YSSS får melding og godkjenner innmelding i Spond
-
Etter godkjenning blir innmeldinga synkronisert med NIF sitt medlemsregister (Innmelding i YSSS betyr innmelding i NIF).
-
NIF sender melding til oppgitt epost-adresse eller mobil nr om å stadfeste medlemskapet. Det er viktig at stadfesting blir gjort innan oppgitt frist for at medlemskapet skal registrerast. Dersom medlemsskapet ikkje blir stadfesta innan fristen vil ikkje medlemskapet i YSSS bli registrert og YSSS må sende til NIF på nytt.
Utmelding må skje ved skrifteleg varsel til klubben.
Dersom kontingent ikkje er betalt siste 2 år kan YSSS vedta utmelding av medlem.
Aktivitetstilbodet i YSSS (kurs eller trening) blir fakturert separat frå medlemskontingent etter gjeldande rater.