Barn 

YSSS arrangerer symjekurs for barn frå 5 år til 11 år

Barn (5-11 år)

Vegen mot symjemeistring

Vasstilvenning
Kval
Skilpadde
Pingvin
Selunge
Sel
Symjedyktig

Symjedyktig

 

Norges Svømmeforbund definerar symjedyktig slik: Rulle ut i vatnet, symje 100 meter på magen, flyte i vatnet i tre minutt, symje 100 meter på ryggen. Eit barn som har nådd krava i Selkurset, er symjedyktig.

Nivåvelgaren

 

Finn rett opplæringsnivå i grunnleggande og vidaregåande symjeopplæring for ditt barn

G0 – Vasstilvenning og Kval

 

YSSS arrangerer nivåa vasstilvenning og kval i samme kurs. Borna blir delt inn i grupper basert på instruktørane si vurdering av borna si meistring. 

 

Vasstilvenning og Kval skaper grunnlaget for dei fire kjernefunksjonene «Dykke», «Flyte», «Gli» og «Fremdrift» i symjeopplæringa. Kursmodulen er for barn som ikkje har noko eller har litt erfaring i vatn frå tidlegare, eller barn som treng å øve på læringsmåla som lista opp under.

 

Kursmodulen blir utført utan symjebriller. 

 

Læringsmål G0:

  • Eleven skal kunne frakte eit symjebrett som ligg i vassflata gjennom bevegelsar med armane men utan å komme nær det.

  • Eleven skal stå i hoftedjupt vatn og la ein partnar sprute vatn på seg utan å snu seg vekk.

  • Halde pusten – hovudet under vatn – Opne augene. 

  • Halde pusten – dykke ned – hente gjenstandar på botnen.

  • Halde pusten – dykke mellom beina på ein partner.

  • Halde pusten – hoppe frå bassengkanten – hente gjenstandar på botnen.

Når barnet meistrar desse øvingane kan det gå vidare til neste kursmodul – G1 (Skilpadde og Pingvin).

Kursmodulen har 10 kurstimar (ein kurstime er 30 min).

Vasstilvenning
Kval
 

G1 – Grunnkurs 1 (Skilpadde og Pingvin)

Dette kurset er grunnleggjande opplæring for born som har god erfaring med vatn og meistrar læringsmåla i G0. Kursmodulen fokuserer på funksjonane flyte og gli og blir utført med symjebriller.

Læringsmål:

  • Flyte i pil på magen (15 sek).

  • Hoppe ned frå bassengkanten og flyte opp på magen.

  • Flyte i pil på ryggen (15 sek).

  • Flyte på ryggen - rulle seg over på magen - vise pil på magen.

  • Flyte på magen - rulle seg over på ryggen - vise pil på ryggen.

  • Hoppe frå kanten - flyte opp på magen - rulle seg over på ryggen.

  • Gli i pil med crawlbeinspark på magen.

  • Hoppe ned frå kanten - komme opp i pil på magen - crawlbeinspark.

  • Gli i pil med crawlbeinspark på ryggen.

  • Crawlbeinspark på ryggen - dreie seg på magen - crawlbeinspark på magen.

  • Crawlbeinspark på magen - dreie seg på ryggen - crawlbeinspark på ryggen.

  • Hoppe ned frå kanten - komme opp i pil på magen - crawlbeinspark på magen - dreie seg rundt på rygg.

Når barnet meistrar desse øvingane kan det gå vidare til neste kursmodul – G2 (Selunge og Sel).

Kursmodulen har 10 kurstimar (ein kurstime er 30 min). 

Skilpadde
Pingvin

G2 – Grunnkurs 2 (Selunge og Sel)

 

Deltaking på Selunge krev at barnet meistrar funksjonane 'dykke' - 'flyte' og 'gli'. Selunge-kurset vil fokusere på å skape framdrift i vatnet og barnet vil lære grovkoordinert crawl og rygg.

På Sel-kurset vil barna vidareutvikle ferdigheiter på symjeartane crawl og rygg. På dette nivået skal deltakarane øve på å symje crawl og rygg finkoordinert.

Selunge og Sel vil bli arrangert i 25-meters basseng (12,5 meter i Hareid Symjehall) med symjebriller.

 

Læringsmål:

  • Å symje grovkoordinert crawl på magen med pusting til riktig side og på riktig tidspunkt (12,5 meter uten å stoppe).

  • Å symje grovkoordinert crawl på ryggen (12,5 meter uten å stoppe).

  • Å utføre eit enkelt glistup frå bassengkanten.

  • Symje crawl og rygg finkoordinert over 25-50m. 

  • Stupe frå bassengkanten, symje 100m, kvile på rygg i 3 minutt, og symje 100m på rygg tilbake.

 

Fullført og bestått kurs på sel-nivå betyr at barnet er symjedyktig. Vegen vidare for ivrige symjarar er å melde seg inn i symjeklubben (YSSS) og treningsgrupper Rekrutt B.

Kursa har 10 kurstimar (ein kurstime er 30 min). 

Selunge
selmerket.png
 

G3 - Intensivkurs

YSSS vil ved nok interesse setje opp intensivkurs for born og ungdom i feriar, til dømes i sommar-, haust og vinterferie. Desse kursa vil ha ei varigheit på 5 kursdagar og ha tilpassa innhald med utgongspunkt i G0, G1 og G2.