top of page
C574FEBC-3A40-4C90-8CE0-331C899830D4.JPG

Ofte stilte spørsmål - symjekurs

  1. Kor lang tid tek det normalt å lære å symje?

    • Tommelfingerregel = 40 timar. Det kjem an på kva barna kan frå før. Dersom dei har bada mykje og er trygge i vatnet, går opplæringa raskare.

    • Svømmeforbundet definerer symjedyktig slik: Rulle ut i vatnet, symje 100 meter på magen, flyte i vatnet i tre minutt for deretter å symje 100 meter på ryggen.​

  2. Etter kva for eit kurs kan barna å symje?​

    • Dei aller fleste kan symje 10-15 m på djupt vatn etter Pingvinkurset, berre med beina.

    • Etter Selungekurset kan dei fleste symje 10-20 m crawl og rygg, på djupt vatn.

    • Barn som har fullført og bestått Selkurset blir rekna som symjedyktig. ​

  3. Når lærer barna brystsymjing? Kvifor ikkje på det fyrste kurset?

    • Det er fyrst på Sjøløvekurset at barnet får innføring i bryst-teknikk. Bryst er den mest avanserte symjeearten (butterfly er faktisk enklare), derfor venter vi til barna har god crawl- og ryggteknikk før vi legger til bryst. Særleg er beinsparka vanskelege i bryst, dei krev stor grad av koordinasjon.​

    • YSSS har inkludert Sjøløve i treningstilbodet og køyrer ikkje eigne kurs på dette.

  4. Kor gamal må ein vere for å melde seg på symjekurs?

    • Vi har 5-års grense på våre symjekurs nedfelt i vedtektene. Det halvåret barnet fyller 5 år kan dei byrje på kurs. Dei fleste 5-åringane startar på vasstilvenning og kvalkurs (G0).​

  5. Er det ei øvre aldersgrense for å melde seg på?

    • Nei, det er ingen øvre aldersgrense, og vi er spesielt opptatt av å tilrettelegge symjeopplæring for eldre barn og ungdomar som av ulike årsaker ikkje har lært å symje tidligare.

    • Vi har eigne symjekurs for vaksne​.

  6. Er det venteliste for kurs?​

    • ​For tida har vi ikkje venteliste for kurs. Det er 'fyrst til mølla' når vi annonserer kurs. 

    • Barn som går på kurs vil få fortrinnsrett til å melde seg på for neste kursrunde.

  7. Kva skjer om barnet mitt "angrar" seg og ikkje vil vere med lenger? Må eg likevel betale kursavgift?

    • Ja, dersom kurset har starta må kursavgift betalast. YSSS kan ikkje gi plassen til eit anna barn dersom kurset pågår. 

    • Dersom du melder på barnet ditt, og melder av i rimeleg tid (seinast fire dagar før kursstart), vil kursavgifta kunna bli tilbakebetalt.

  8. Kva slags utstyr trenger barnet mitt?

    • Badetøy (tettsittande) og badehette. Vi anbefaler badebukse, i staden for badeshorts til gutar, då badeshortsar har ein tendens til lettare å falle av ved hopping/dykking, og samlar luftlommer i shortsen ved flyteøvingar. 

    • Symjebriller for kursmodulane G1 og G2. 

  9. Barnet mitt er litt usikker og eg trur at han/ho trenger at eg er tilstades ved bassengkanten. Er det lov?

    • Det beste er at føresatte går ut og lar instruktørane få barnet inn i gruppa. Instruktørane har erfaring med dette. Dersom barnet ikkje aksepterer at føresatte forlet kursområdet, kan foreldre og instruktørane avtale beste løysing for barnet.

    • Vi er tålmodige med barna. Nokre treng lengre tid til å venne seg til vatnet, instruktørane, miljøet og undervisninga.

    • Det er fint om føresette førebur barna på symjekurset og gir aksept for at det er greit å vere skeptisk og nervøs. Det er også viktig å snakke om at det å lære å symje er viktig.

  10. Får vi tilbakebetalt kursavgifta dersom barnet mitt er mykje sjuk?

    • Nei, vi gir dessverre ingen refusjon for sjukdom.

  11. Kor lang tid er det vanleg å bruke på kvart kurs? Går man kun eit semester på kvart trinn, eller er det vanleg å gå same kurs fleire gongar? 

    • Vi fylgjer Norges Svømmeforbund sitt opplegg der det er vanleg å seie eitt år på kvart nivå.

    • Mange barn repeterer nivå. 

    • Det er individuelt kor lang tid ein brukar på eit nivå. Instruktørane si erfaring er at å bruke god tid på kvart nivå gir det beste resultatet.

  12. Kort fortalt - kva er pedagogikken bak symjekursa, og kva skil YSSS frå symjeundervisning i skulen?

    • Symjekursa i YSSS fylgjer opplæringsopplegget til Norges svømmeforbund.

    • YSSS er fleire instruktørar per barn, 1 instruktør på 3-4 barn.  

    • På symjekurs starter barna med å leggje grunnlaget for crawl og ryggsymjing og startar med brystteknikk når barna er meir motorisk modne. Skulane startar ofte med brystsymjing tidlegare. 

Contact Us

Takk til fotograf Cecilie Hatløy for høgkvalitets bilder!

Kontakt oss for meir informasjon!

Tusen takk for at du kontakter oss!

Postadresse: c/o Katrine Vestbøstad, Gamlevegen 95, 6065 Ulsteinvik 

bottom of page