
Sponsorar
Vi er veldig takknemlege for all støtten vi får til klubben frå sponsorane våre
Som ein liten og relativt nystarta symjeklubb i vekst, er YSSS avhengig av sponsorar og støttespelarar.
Vår visjon er å bli ein leiande idrettsklubb på Søre Sunnmøre, med tilbod til barn og ungdom som ynskjer å lære å symje, og til aktive symjarar i breidde og topp. Det kan høyrest ambisiøst ut, men forutsetningane er lagt med dei fantastiske symjeanlegga som er etablert på Ytre Søre Sunnmøre det siste tiåret.
Kvar symjar er ein livreddar!
Ved å støtte YSSS bidreg du og di bedrift til å styrke kompetansen rundt symjing som idrett og livredning i lokalmiljøet på Ytre Søre Sunnmøre.
YSSS tilbyr god og synlig profilering i bassenga ved eigne arrangement, på drakter/badehetter, på nettside og i sosiale medium, samt på all kommunikasjon og markedsmateriell som klubben nyttar.
Vil du eller di bedrift bidra? Ta kontakt med ein av personane i Styret i klubben!
Sponsorpakkar
Vi har i utgangspunkt tre kategoriar og prisklasser, men vi set pris på alle bidrag, store og små.
Felles for våre avtaler er at vi foreslår følgjande avtaleperiode og binding:
-
Årleg avtale, med 3 års lengde som utgangspunkt
-
Fornyast kvart år etter gjennomgang / framvising av årsmelding
-
Forlenging etter 3 år er ønskjeleg
Hovudsponsor
Bidreg med eit større beløp og får ein godt synleg plassering av logo på klubbdrakter, nettstad og i andre kanalar.
Pris: Årleg yting på 30-50.000 kr
Ytingar frå YSSS:
-
Profilering på framsida av ysss.no, Facebook og Instagram
-
Profilering på alt av dokument og trykksaker osb. frå klubben
-
Profilering på plakatar og «Roll-up’s» som klubben har ståande i symjeanlegga ved eigne arrangement
-
Strategisk profilering på ny klubbdrakt og overtrekk
-
Ved nok påmeldte kan vi vurdere eige kurs for den einskilde bedrift
Samarbeidspartnar
Bidreg med eit beløp, mot plassering av logo på klubbdrakt, på nettstad og i andre kanalar.
Pris: Årleg yting på 20-30.000 kr
Ytingar frå YSSS:
-
Profilering på ysss.no, Facebook og Instagram
-
Profilering på «posters» som klubben har i symjeanlegga ved eigne arrangement
-
Profilering på ny klubbdrakt
Heiagjeng
Bidreg med eit mindre beløp, mot plassering av logo på nettstad og i andre kanalar.
Pris: Årleg yting på under 20.000 kr
Ytingar frå YSSS:
-
Profilering på ysss.no, Facebook og Instagram
-
Profilering på «posters» som klubben har i symjeanlegga ved eigne arrangement
Generalsponsor
Samarbeidspartnerar



Heiagjeng
























