top of page
Husk_kreditering_ved_bruk_av_bilder@_Fot

Bli instruktør

Kom og bli med i YSS symjeklubb!

Bli instruktør

Vi treng fleire instruktørar!!

 

YSSS Symjeskule har for tida stor etterspurnad etter symjekurs for born. Vi er svært glade for denne interessa, og vi er opptatt av å skape gode rammer for deltakarane på kurs – legge til rette for meistring, tryggleik og fellesskap.

 

Alle våre tilbod er basert på Norges Svømmeskole, ein metodikk utarbeida av Norges Svømmeforbund med tydelige delmål for kvart nivå. Pr i dag tilbyr vi kurs til born 5-11 år, ungdom 11-16 år og vaksne over 18 år, men vi har ambisjonar i strategien vår om å utvide dette tilbodet i åra som kjem.

 

Vi arrangerer pr i dag kurs i Sunnmørsbadet og Ulstein Arena, men ynskjer også å starte opp igjen med kurs i Hareid Symjehall. Kursa våre går normalt på ettermiddag og laurdag føremiddag (1-2 timar i veka). I skuleferiar har vi ambisjon om å arrangere fleire kurs på dagtid/føremiddag.

 

Som instruktør på kursa våre får du normalt ansvar for ei gruppe på 3-5 born og skal følgje desse opp slik at dei lærer og meistrar aktuelle delmål på kvart nivå gjennom leik og øvingar. Alle instruktørar tar instruktørkurs/opplæring etter standard frå Norge Svømmeskole, denne opplæringa blir dekka av YSSS.

 

Vi ønskjer fleire instruktørar på laget slik at vi kan oppretthalde og vidareutvikle vår kursaktivitet. Vi søkjer deg som ønskjer å ha faste kursdagar, men også deg som har moglegheit til å stille på kort varsel og ta ekstravakter.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Førebuing og gjennomføring av symjeopplæring,

  • Oppfølging av kursdeltakar sin progresjon og meistring av delmål,

  • Kommunikasjon med deltakarar, instruktørteam og føresette,

  • Kommunisere med administrasjonen av Symjeskulen,

  • Skape tryggleik og trivsel, inkludere og sikre at alle deltakarane blir godt ivaretatt.

 

Kvalifikasjonar:

  • Blid og serviceinnstilt, trivs ilag med andre mennesker,

  • Du har evne til å motivere og trivs med å aktivisere born,

  • Du er ansvarsfull, strukturert og kan jobbe både på lag og sjølvstendig,

  • Du respekterer og motiverer andre, er ein lagspelar og skaper effektive samarbeidsforhold,

  • Du trivs i bassenget,

  • Du er påliteleg og punktleg,

  • Du meistrar norsk muntleg,

 

Vi tilbyr:

  • Spennande moglegheiter i ein ung klubb i sterk vekst,

  • Eit solid, erfarent, og dedikert arbeidsmiljø,

  • Gratis instruktørutdanning, inkludert fyrstehjelp og livredning

  • Varierte oppgåver,

  • Gode utvekslingsmoglegheiter,

  • Timehonorar som godkjent av Styret i YSSS,

 

Syns du dette høyres spennande ut, har lyst å bidra inn ei ein ung klubb i sterk vekst, brenn for at born og unge skal bli trygge i vatn og framtidige livreddarar,  og/eller ynskjer å tene nokre ekstra kroner - ta kontakt på kurs@ysss.no. Nedre aldersgrense er 15 år.

Contact Us
bottom of page