top of page

Hovudtrenar / Dagleg leiar (50%) 

Vil du vere med å forme framtidas symjarar på søre Sunnmøre?

Ytre Søre Sunnmøre Symjeklubb (YSSS) er ein klubb i vekst, med stort engasjement og eit inkluderande miljø. I år vart vi heidra med Årets Utviklingspris frå Norges Svømmeforbund 🏆 – eit bevis på at vi skapar noko heilt spesielt her på ytre søre Sunnmøre. I 2026 feirar vi 10-årsjubileum og satsar for å ta klubben til nye høgder.

 

Derfor søkjer vi no hovudtrenar/dagleg leiar i ei 50% stilling. Vi ser etter ein leiar med sterk påverknadskraft – ein som kan motivere, engasjere og løfte både symjarar, trenarteam og klubben til nye høgder.

Kven er vi?

YSSS er ein aktiv og framtidsretta symjeklubb med base i eit av dei vakraste områda i landet. Vi har:

  • Aktivitet i tre kommunar på søre Sunnmøre; Hareid, Ulstein og Herøy,

  • Eit sterkt fellesskap blant utøvarar, foreldre og frivillige,

  • Treningstilbod for både breidde og talent, vi er ein konkurranseklubb med årleg deltaking på LÅMØ,

  • Fokus på utvikling, trivsel og meistring - eit miljø der både barn og ungdom får blomstre i og utanfor bassenget.

Kva blir jobben din?

Som hovudtrenar får du sportsleg hovudansvar for all treningsaktivitet i klubben. Ansvar inkluderer:

  • Planlegge og gjennomføre treningsøkter for alle treningsgrupper (alder 10-16 år),

  • Oppfølging av utøvarane individuelt og i gruppe, inkludert utviklingsplanar,

  • Rettleiing og oppfølging av hjelpetrenarar,

  • Utvikle årsplan og handtere påmelding og oppfølging på stemner,

  • Handtere kommunikasjon, lisensar, Spond, klubb-arrangement, osb.

Som dagleg leiar får du overordna ansvar for dagleg drift av symjeklubben, som inkluderer:

  • Leie og koordinere dagleg drift i tråd med styrevedtak og årshjul,

  • Personalansvar, 

  • Overordna drift av symjeskulen og tett samarbeid med symjeskulekoordinator,

  • Økonomi, administrasjon, medlemsoppfølging,

  • Du vil jobbe tett med styret og vere ein nøkkelperson for vidare utvikling av klubben.

image.png

Kva ser vi etter?

Vi søkjer deg som:

  • Har erfaring frå symjesporten og som symjetrenar. (Ingen krav om formell trenarutdanning),

  • Har utdanning innan idrett, pedagogikk el.l.,

  • Brenn for utvikling av barn og unge,

  • Er strukturert, engasjert, har stor gjennomføringsevne og god til å samarbeide,

  • Har gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg,

  • Har førarkort klasse B.

Vi tilbyr

  • Ei 50% stilling som kombinert hovudtrenar og dagleg leiar,

  • Ein spennande, fleksibel og variert kvardag,

  • Lønn etter kvalifikasjonar, pensjons- og forsikringsordning.

  • Moglegheit til å påverke og utvikle klubben,  

  • Trenarutdanning gjennom NSF,

  • Eit inkluderande og støttande miljø.

​​

Vi vil finne den riktige personen til klubben og er opne for å diskutere stillingsprosent og oppdeling. Formell trenarutdanning er ikkje naudsynt for å søke, men erfaring med symjing er viktig.

Kan dette vere noko for deg?

📞 Spørsmål? Kontakt Katrine Vestbøstad:
Telefon: 916 07 158 | E-post: styreleiar@ysss.no

Stillingsannonsen finn du også her.

 

Søknad og CV til: info@ysss.no 
(med kopi til styreleiar@ysss.no)


Søknadsfrist: 31.12.2025

Takk til fotograf Cecilie Hatløy for høgkvalitets bilder!

Kontakt oss for meir informasjon!

Tusen takk for at du kontakter oss!

Postadresse: c/o Katrine Vestbøstad, Gamlevegen 95, 6065 Ulsteinvik 

bottom of page