
Ledig Stilling!
Kom og bli med i YSS symjeklubb!
Symjeskulekoordinator
Ytre Søre Sunnmøre Symjeklubb (YSSS) er ein klubb for kommunane på Ytre Søre Sunnmøre; Hareid, Herøy, Sande og Ulstein. YSSS ynskjer å gi eit tilbod til alle som likar å vere i vatn, både dei som vil konkurrere aktivt og dei som vil symje for å trene og ha det kjekt.
YSSS er for tida i vekst og medlemstalet har dobla seg siste par åra. Vi opplever no stor etterspurnad for symjekurs og er opptatt av å skape gode rammer for deltakarane på kurs og alle føresette – legge til rette for meistring, tryggleik og fellesskap.
I 2021 gjennomførte vi 30 kurs og hadde over 260 deltakarar på kurs, dette i stor grad gjort på dugnad. For å vidareutvikle aktivitet, sikre kontinuitet og profesjonell drift ynskjer vi no å rekruttere ein Symjeskulekoordinator i ei inntil 30% stilling for å bygge bru mellom kursaktiviteten vår og det strategiske arbeidet i Styret i YSSS.
Arbeidsoppgåver:
-
Dagleg drift av YSSS Symjeskule;
-
Planlegge, koordinere og følge opp kursaktivitet på alle lokasjonar (Ulstein, Hareid, Herøy);
-
Overordna ansvar for førebuing og gjennomføring av kurs frå annonsering, betaling, kommunikasjon med deltakarar, instruktørteam og føresette;
-
Rekruttering, kommunikasjon, koordinering, planlegging og oppfølging av instruktørar, inkludert å legge til rette, gi råd og følgje opp instruktørutdanning, oppfølging mht politiattestar, utbetaling av honorar, osb;
-
Vere oppdatert på retningslinjer og nyheiter i Norges Svømmeskole og Norges Svømmeforbund;
-
Dialog med flyktningtenesta i relevante kommunar for planlegging og tilpasning av kurs;
-
Etablere tettare dialog med skulekontora i relevante kommunar for potensielt samarbeid;
-
Etablere og kommunisere rutiner for Symjeskulen, inkl avvikshandtering, risikovurdering, timeføring etc,
-
Stille som instruktør/trenar ved behov;
-
Oversikt over utstyrsbehov, planlegge for innkjøp.;
-
Søke relevante støtteordningar i dialog med Styret;
-
Budsjettplanlegging og rapportering til Styret i YSSS
-
Opparbeide kjennskap til systema som nytta til ei kvar tid (tryggivann.no, spond);
-
Skape tryggleik og trivsel, inkludere og sikre at alle blir godt ivaretatt.
Kvalifikasjonar:
-
Blid og serviceinnstilt, trivs ilag med andre mennesker,
-
Du er ansvarsfull, strukturert og kan jobbe både på lag og sjølvstendig,
-
Du respekterer og motiverer andre, er ein lagspelar og skaper effektive samarbeidsforhold,
-
Du ser moglegheiter, er fleksibel og løysingsorientert,
-
Du meistrar norsk muntleg og skriftleg,
-
God kjennskap og forståing for digitale verktøy,
-
Erfaring med leiing/prosjektleiing, budsjettoppfølging er ein fordel,
-
Sertifikat for bil og tilgong til bil,
Vi tilbyr:
-
Spennande moglegheiter i ein ung klubb i sterk vekst,
-
Eit solid, erfarent, og dedikert team av ressurspersonar,
-
Gratis instruktørutdanning, inkludert fyrstehjelp og livredning,
-
Lønn etter avtale,
Syns du dette høyres spennande ut, har lyst å bidra inn ei ein ung klubb i sterk vekst, brenn for at born og unge skal bli trygge i vatn og framtidige livreddarar? Send ein søknad med CV til nestleiar@ysss.no med kopi til styreleiar@ysss.no innan 28. Februar 2022.
Dersom du har spørsmål, ta kontakt på nestleiar@ysss.no.