Symjeopplæring

I sommar og haust 2020 vil YSSS organisere ei rekkje symjekurs for barn, både for dei som er heilt ferske og for dei som alt kan å symje. Så vår side med aktuelle aktivitetar for meir info.

Alle disse kurs følgjer opplærings-stigen til Norsk Symjeforbund og du kan lese meir om disse kurs, og melde barnet ditt (eller deg sjølv) på kurs gjennom Trygg i Vann-portalen.

I YSSS skill vi mellom symjeopplæring og symjetrening:

  • Symjeopplæring er for barn frå ca. 6 – 10 år
  • Symjetrening er for barn frå ca. 10 år og eldre

Symjeopplæring er fundamentet for tryggleik og meistring i vatn. Gjennom ulike kurs lærar barnet seg først å bli trygg i vatnet og deretter dei grunnleggjande symjeteknikkar. Alle disse kurs går føre seg i oppvarma basseng.

Når barnet er trygt i vatnet og symjer utan hjelpemiddel er det vanleg å gå vidare til meir organisert trening. Her følgjer ein treningsopplegg med erfarne instruktørar som hjelper barnet til å vidareutvikle teknikk og bli meir uthalden, slik dei kan symje lengre distanser. Trening går føre seg i konkurransebasseng på 25m lengde, og er typisk delt inn i klasser etter alder og teknisk nivå:

  • Rekrutt B – dei som starter på trening etter godkjend symjeopplæring (nivå Selungen)
  • Rekrutt A – dei som har symt ei stund som rekrutt B og har god progresjon og interesse for konkurransesymjing
  • Open klasse – for dei som konkurrerar aktivt og trenar målretta med symjing som primær idrett

Dei som ikkje vil konkurrere men likevel ønskjer å trene aktivt og målretta på å bli betre i symjing er like velkomne i YSSS og vil bli plassert inn på treningar der nivå og intensitet i trening passar til kunnskap og ambisjonsnivå. Symjing er ein super idrett å drive med, også utan konkurranser, og hjå oss skal du få god opplæring og trening, uansett kva ambisjonsnivå du har.