Om YSSS

Velkomen til Ytre Søre Sunnmøre symjeklubb! Vi er ein felles klubb for kommunane Hareid, Ulstein og Herøy på Ytre Søre Sunnmøre.

Vi har aktivitet på Hareid, i Fosnavåg og i Ulsteinvik, i moderne og fine symjeanlegg.

Alle dei som likar å symje eller ynskjer å vidareutvikle symjeteknikken sin er velkomne på symjekurs eller trening hjå oss.

Symjeklubben ynskjer å gi eit tilbod til alle som likar å vere i vatn, uansett om du vil konkurrere aktivt eller berre vil symje for å trene og ha det kjekt. Vi legg vekt på å bygge vennskap og oppleve meistring.

Vi arrangerer symjekurs, både for born og vaksne. Du finn meir informasjon om både symjekurs og trening under sidane om symjeopplæring og aktivitet.

Bilde på heimesida er frå ulike aktivitetar i klubben og er tatt av fotograf Cecilie Hatløy.