Aktivitet

Symjeopplæring sommar og haust 2020

YSSS organiserar intensivkurs i Ulsteinvik og Fosnavåg frå 10. til 14. august. Dette er kurs for barn født i 2014 eller tidlegare. Kurs for yngre barn vil bli organisert utover hausten.

Dei aktuelle kurs går frå måndag 10. august til fredag 14. august og prisen er kr 1200 per barn:

  1. Kval/Skilpadde – kl 09:00-09:45 i Ulstein Arena – maks 12 deltakarar
  2. Pingvin/Selunge – kl 10:00-10:45 i Ulstein Arena – maks 10 deltakarar
  3. Kval/Skilpadde – kl 09:00-09:45 i Sunnmørsbadet – maks 8 deltakarar

Kursene er i utgangspunkt reservert dei som har stått på venteliste sidan våren, men ved ledig plass vil vi annonsere dette her og gjennom trygg i vann -portalen. Du er velkomen til å melde din interesse til kurs@ysss.no